pool.ntp.org


Korleis nyttar eg pool.ntp.org?

Det er veldig enkelt om du vil nytte pulja til synkronisering av klokkene til datamaskinene dine, konfigurasjonsfila (for ntpd-programvara frå ntp.org distribusjonen, passar eitkvart OS - Linux, *BSD, Windows og andre system):

driftfile /var/lib/ntp/ntp.drift

server 0.pool.ntp.org
server 1.pool.ntp.org
server 2.pool.ntp.org
server 3.pool.ntp.org

Underdomena 0, 1, 2, og 3.pool.ntp.org peikar til tenarar som endrar seg kvar heile time. Pass på at tiden til di lokale maskin ikkje er satt altfor mykje feil (innan nokre par minutt av korrekt tid. Du kan bruke ntpdate pool.ntp.org,eller du kan bruke date kommandoen for å stille klokka til armbandsuret ditt. Start ntpd, etter litt tid (kan ta opptil ein halv time!), ntpq -pn skal du få ein respons som dette:

$ ntpq -pn
     remote           refid      st t when poll reach   delay   offset  jitter
==============================================================================
+81.6.42.224     193.5.216.14     2 u   68 1024  377  158.995   51.220  50.287
*217.162.232.173 130.149.17.8     2 u  191 1024  176   79.245    3.589  27.454
-129.132.57.95   131.188.3.222    3 u  766 1024  377   22.302   -2.928   0.508

IP-adressa vil vere anleis, fordi du har blitt tildelt tilfeldige tidstenarar. Det grunnleggjande er at linjene startar med stjerneteikn (*), som tyder at maskina di stille klokka etter internett - du treng med andre ord ikkje å bry deg i det heile.

DNS-spørringar mot pool.ntp.org (eller 0.pool.ntp.org, 1.pool.ntp.org, etc) vil normalt returnere IP-adresser for tenarar i eller i nærleiken av ditt land. For dei fleste gjev dette best resulat.

Du kan og nyttekontinentalsoner (Til dømes europe, north-america, oceania or asia.pool.ntp.org), eller ein landskode (som no.pool.ntp.org i Noreg) - for alle sonene, kan du om att nytte 0, 1 eller 2 prefiksa, som 0.no.pool.ntp.org. Merk imidlertid at, landkoden ikkje alltid eksisterar for ditt territorium, eller kanskje berre har ein eller to tenarar.

Om du nyttar ei nyaere Windows-utgåve, kan du nytte den innebygde NTP-klienten. Via ein brukar med Administrator-rettar skriv fylgjande i kommandoprosessoren:

w32tm /config /syncfromflags:manual /manualpeerlist:"0.pool.ntp.org 1.pool.ntp.org 2.pool.ntp.org 3.pool.ntp.org"

Kommandoen fungerer op system frå XP/ Server 2003 og nyare. Nyttar du imidlertid ei eldre utgåve av Windows kan du prøve:

net time /setsntp:"0.pool.ntp.org 1.pool.ntp.org 2.pool.ntp.org"

Tiden kan og justerast (med Administrator-rettar), ved å høgreklikke på klokka i Windows (nede til høgre) og så velgje 'Juster dato/klokkeslett' og deretter skrive inn tenarnamn.

Meinberg har laga ein ombygd ntp daemon (tenar) for Windows.

Om ditt Windows-system er meldt inn i domene, kan det hende at tidsinnstillingane er sentralt styrde, dermed kan ikkje du endre på desse. For meir informasjon om innstilling av tid i Windows, sjå (Engelsk)How Windows Time Service Works på Microsoft sine nettsider.

Tillegg

Vurder om NTP-Pool prosjektet er egna for ditt bruk. Er du ei bedrift, organisasjon eller er om det kan vere livstrugande med feil tid - bør du ikkje nytte motta tid direkte frå internett. NTP pulja har generelt veldig høg ytelse og nøyaktigheit, me er ei teneste driven på frivillig basis. Snakk heller med utstyrs/ teneste -leverandørar for å sette opp ei lokal tidstenest for deg. Hugs å les våre tenestevilkår. Me anbefalar tidstenarar frå Meinberg, men du kan og anskffe tenarar frå End Run, Spectracom og mange fleire.

Har du ei statisk IP-adresse og stabil Internett-tilkopling (bandbreidde er mindre viktig, men den bør vere stabil og ikkje for hardt lasta), vurder å donere tenaren din til bruk i pulja. Det kostar ikkje meir enn eitt par hundre bytar per sekund med trafikk, og du hjelp dette prosjektet med å overleve. Please read the joining page for more information.

Har din netleverandør (ISP) ein tidsstenar, eller kjenner du til ein nøyaktig tenar nærme deg bør du nytte den og ikkje pulja. Du vil oppnå meir nøyaktig tid og mindre bruk av nettverksressursar. Kjenner du berre til ein tidsstenar nærme deg kan du til dømes nytte den som primær og ein frå pool.ntp.org som sekundær.

Det hender uheldigvis somme gonger at du er tilnytta same tenar to gonger - ein omstart av tidstenaren løyser normalt problemet. Har du spesifisert landkode, kan det hende at det berre er ein tenar tilknytta den koden i prosjektet. Bruk heller ei kontintental sone istadenfor. Du kan leite i sonelista for å sjå kor mange tenarar som er tilknytta ulike soner

Ver venleg.Mange tenarar der driven på frivillig basis, i dei fleste tilfelle køyrer tenarane normalt filtenester, e-post og webtenester, samt NTP. Så ikkje nytt meir enn fire tenarar i konfigurasjonen din. Ikkje bruk triks som burst eller minpoll - du lagar då berre unødig last på dei frivillige tenarane.

Ver sikker på atttidssonekonfigurasjonen på di maskin er korrekt. ntpd sjølv tek ikkje hensyn til tidssoner, den nyttar UTC-tid internt.

Synkronsierar du eit nettverk mot pool.ntp.org, vennligast sett opp ein av maskinene din som tidstenar og få dei andre maskinene til å synkronisere mot denne. (du har att litt lesning - men det er heldigivs ikkje for vanskeleg. Du har og alltid comp.protocols.time.ntp nyheitsgruppa.)

På dette punktet il eg takke alle som donerar eiga tid og tidstenarar til dette nettverket