pool.ntp.org


How do I join pool.ntp.org?

Fyrst av alt, takk så mykje for interessa i prosjektet. Bruken av pulja har auka enormt og einaste måten me kan halde drifta og effektiviteten av pulja enkel er å auke mengda tenarar som er med i prosjektet.

Datamaskina di må ha ei statisk IP-adresse og permanent internett-tilgang. Det er særs viktig at IP-adressa er fast eller i det minste skjeldan endrar seg (t.d. ein gong årleg eller skjeldnare). Kravet til bandbreidde er relativt lågt. Kvar klient sender berre eitt par UDP-førespurnader på eit intervall frå eit par sekund til omlag 20 minutt.

På dette tidspunkt er mottek pr tenar i snitt 5 til 15 NTP-pakker kvart sekund. På dei travlaste tidene av døgnet kan talet komme opp i 60 til 120 pakker pr. sekund. Grovt reikna 10 til 15 kilobit/s, med toppar på 50 til 120 kilobit/s. Talet tenarar med i pulja aukar jamnt og trutt, så det er ikkje forventa att last pr. tenar kjem til å auke dramatisk dei kommande åra. I korte trekk treng du minst 384-512 kilobit/s bandbreidde (ned og opp-straums).

Under er eit par tenarar med trafikk/last -grafar:

Tenarane som blir med skal ikkje hapool.ntp.org som tidsreferanse, men heller konfiguerast med nokre gode tenarar manuelt (desse kan bli valde frå pulja. Poenget er uansett at dei skal vere valt på statistisk grunnlag, istadenfor som normalt med tilfeldige tenarar. Desse enkle vala vil sikre akseptabel kvalitet av tenesta.) NB: Det er som sagt ikkje krav til at tenaren din er ein stratum 1 eller 2 tenar - på det grunnlag at prosjektet mest har som må å oppna god lastdistribuering. Derfor har me ikkje noko imot at ein stratum 3 elle 4 tenar kan bli med.

Me har ei side med anbefalte konfigurasjonsinnstillingar for tenarar som blir medi pulja.

Tilslutt må eg vektleggje at det å bli med i pulja er eitlangsiktig engasjement. Om dette endrar seg, tek me med glede tenaren din ut frå pulja. Grunna måten NTP-klientane fungerer, tek det alt frå veker til år før trafikken fullstendig går bort frå di IP-adresse.

Om dette høyrest greitt ut, logg på til tenaradministrasjon-sida og send ein førespurnad om å få lagt til din tenar. Opplever du problem med systemet, send meg ein e-post på ask@develooper.com.

Eg vil og gjerne etterspørre deg til å abonnerere på weblog-feeden/a> og kanskje til e-postlista for prosjektet.

Det ville og vore flott om du kunne vidaresendt trafikk på port 80 på din tidstenar til den offisielle websida til prosjektet på https://www.ntppool.org. Brukar du Apache som tenar, kan du gjere dette:

    <VirtualHost *:80>
       ServerName pool.ntp.org
       ServerAlias *.pool.ntp.org *.ntppool.org
       Redirect permanent / https://www.ntppool.org/
    </VirtualHost>

Merk: du treng berre å gjere dette om du køyrer ein webserver. Den offisielle websida byrjar alltid med 'www' på starten i adressefelte - men nokon gonger skriv folk pool.ntp.org og då blir ein overraska om ein får ei annan side.

Så snart tenaren er lagt til i pulja blir den overvaka konstant for måling av tilgjengelegheit pg nøyaktighet. Du kan sjå ytelsen for tenaren din ved å brukeweb frontend'en eller administrasjonsgrensesnittet.